søndag 15. november 2009

Galapagos - voy a volver

Daa var det lenge sidan sist! Me har ikkje hatt internettilgang for no av monge forskjellige grunnar, men helst fordi me har budd paa ein baat paa Galapagos store delar av tida.
Galapagos er ei relativt ny oygruppe utfore Equador, kor mellom anna evolusjonsteorien kom til daa Darwin kom dit i 1835. Det er enkelt aa forstaa facinasjonen Darwin hadde for desse oyene, for ikkje berre er det heilt vanvittig fin natur og eit rikt dyreliv baade paa land og i vann, men alt dette er unikt paa kvar av dei 13 oyene. Artar ein finn paa ei av oyene, finn ein ikkje paa den neste, som berre ligg eit par kilometer vekke. Som sakt saa budde me paa baat, 11 pasasjerar og 9 ansatte.

Eg har ein onkel og ein tante som ofte ikkje snakkar om anna enn det aa fridykke og aa snorkle, og endeleg fekk eg vere med dei og prove det. Ikkje berre ein, men fleire gonger, paa forskjellige stader rundt oyene. Den andre dagen, andre gongen eg snorkla, kom eg litt vekk fraa dei andre i vatnet. Ikkje var eg redd og ikkje var eg kald, for eg plutseleg fekk auge paa noko stort som rorte paa seg i vatnet. Det svevde sakte og stille mot meg, og daa det var ikkje lengre enn to-tre meter fraa meg, gjekk det opp for meg kva det var. Ein hai paa omlag ein og ein halv meter som glei i vatnet berre eit par meter fraa meg. Fiskane i omraadet goymde seg mellom steinane, eller symde for harde livet ut i det store blaa, det vart heilt stille rundt meg og eg laag der, i overflata, heilt stille. Hjartet mitt stoppa og eg slutta aa puste. Eg var livredd, og eg var aaleine. Haien symde ned mot sanden, og ensa meg ikkje ein gong. Heldigvis. Rett under meg symde han, og eg saag etter han daa han forsvant ut av synet, og etter ei lita stund gjekk det opp for meg at eg ikkje pusta. Eg heiv av meg maska og vinka for harde livet for at baaten med guiden skulle sjaa meg, og pusta ikkje ordentleg for eg endeleg var i tryggleik oppi den vesle baaten. Det var heilt vannvittig.

Ein annan dag symde me med to lekne (ville) sjolover, og var til og med saa heldige at me fekk sjaa at den eine besja. Eg holdt paa aa drukne daa eg hoyrde latteren til onkel og tante under vatnet! Det var hysterisk! Me fekk paa det same dykket sjaa to pingvinar fly forbi oss i vatnet, og heile tida saag me mange, mange, mange fiskar i alle forskjellige fargar og fasongar, samt plantar, steinar og skjell. Me fekk og sjaa havskilpadder under vatn, men ingen iguanar som symde.

Naar me forst snakkar om vatn, saa kan ein jo nemne at temperaturen laag jamnt paa omlag 20grader. Det var kaldt i lengda, og temperaturen paa land kroyp enkelt opp til 35grader midt paa dagen, som vart litt varmt igjen. Alle vart solbrende paa forskjellige stader, men no er heile gjengen berre brune og fine.

Paa land var det fuglar og iguanar me saag mest av. Og sjolover. Og selar. Og insekter. Og gekkoar, salamandarar og turistar. Haviguanane er dyra sitt svar paa “metalhoder”, heftigt kule var dei.

Eg kjem ikkje paa nokre konkrete ord i farta, men spansken min har definitivt betra seg fram til no, og ordforraadet har sikkert dobla seg! Det er plutseleg enkelt aa forstaa kva andre seier, men det er framleis ikkje “pan comido” aa snakke. Men det kjem nok.

No maa me springe for aa naa flyet vaart vidare til mellomamerika, Costa Rica. Haaper dykk har det bra, alle saman!

3 kommentarer:

  1. Hallo Kjersti.
    Så masse du opplever med tante og onkel.
    Veldig kjekt hver gang det er brev fra dere.
    Vær forsiktig når du bader. Hørtes litt vel spennende med den haien.
    Mange klemmer fra farmor.

    SvarSlett
  2. åå, du er så utrolig heldig!!

    SvarSlett
  3. Sug til deg opplevelsene,inntrykkene,bildene,luktene...Dette er lærdom du vil huske resten av livet!
    Er glad i deg jenta mi!

    SvarSlett