tirsdag 24. november 2009

Om spraak

No har eg alt for mykje eg vil skrive om, men alt for lita tid... Difor vil eg skrive om spraaket, det fantastiske spraaket, som paa alle maatar er med paa aa gjere denne reisa meir enn det den allereie er. Spraaket gjer at eg kan snakke med folk, hoyre paa deira historiar og le saman med dei. Alt dette og mykje meir har vore spesielt tydeleg her kor me bur no, paa landsbygda i El Salvador hjaa familien onkel budde hjaa i 2004. Her maa eg presse meg sjolv baade for aa forstaa og for aa faa fram det eg vil seie, og eg merkar paa alle vis at spraaket mitt har betra seg. For det forste nyttar alle hoflighetsform her i El Salvador, noko som har gjordt mitt spraak mykje finare, tykjer eg. Hoflighet er noko ein tydeligvis set hogt her, fordi kjem der nokon inn eller forbi eller naer oss, seier dei "con permiso" og me maa svare "pase" eller "adelante". For det andre maa ein kunne mange ord for aa forstaa samanhengen i samtalane, og nye ord er det difor mykje av. Typisk at eg ikkje kjem paa saa mange no... Mat! Poposas, arroz, frijoles (muchos frijoles!), mandarina, limones, sal, SalvaCola, men er det noko eg verkeleg kjem til aa sakne saa er det tortillasane til Imelda!
No skal me tilbake til landsbygda, og eg kan ikkje skrive meir...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar